Kva rutinar legg vi som skoleleiarar opp til når det gjeld føring i Arena?
Kva form skal undervegsvurderinga ha?
Korleis kan kontaktlærarane bruke undervegsvurderinga i elevsamtalen?
Korleis deltar eleven sjølv i vurderingsarbeidet?
Korleis utviklar vi dialogen med elevar og føresette?
onsdag 21. oktober 2009
Fordelar og ulemper ved bruk av Arena (digitalt verktøy) til å løyse utfordringane som er skapt av den nye vurderingsforskrifta?
onsdag 14. oktober 2009
Må vi alle endre vurderingspraksis som følgje av den nye vurderingsforskrifta?
Endringane i forskrift til Opplæringslova, vurderingsforskrifta, som gjeld frå august 2009, legg opp til ein heilt ny vurderingspraksis i skolen. Dei nye slagorda er "vurdering for læring" eller undervegsvurdering og målrelatert vurdering, halvårsvurdering med og utan samtale, sluttvurdering eller vurdering av læring og krav om dokumentasjon osv,osv. Alle som arbeider i skolen bør vere kjent med alle desse, men kva ligg eigentleg i dei krava vurderingsforskrifta stiller? Kva for vurderingskultur har vi frå før? Må vi sjølve og skolen endre vurderingspraksis som følgje av den nye forskrifta? Men før ein vel strategi er det viktig at ein finn fram til ei nokonlunde felles forståing av det forskrifta eigentleg krev. Utan å gå inn på alle paragrafar og ordlyden i desse, vel eg å presentere det eg oppfattar som dei viktigaste endringane. Aller først blir det sagt at undervegsvurdering skal vere systematisk og løpande, men ho kan vere både skriftleg og muntleg. Vidare heiter det at eleven, kvart halvår, har rett til samtale med kontaktlærar om utvikling i forhold til kompetansemåla, og at denne samtalen kan gjennomførast i samband med halvårsvurderinga utan karakter. Så skal halvårsvurderinga, som er ein del av undervegsvurderinga, gje rettleiing om korleis eleven kan auke kompetansen i faget. Eleven skal og drive eigavurdering som ein del av undervegsvurderinga, og ikkje minst skal det dokumenterast at undervegsvurdering er gitt. Slik eg ser det, er det fleire sider ved ordbruken som må definerast? Korleis kan ein føre dialog? Korleis formulere ei rettleiiande vurdering og kor ofte? Korleis sikre at kontaktlærar har oversikt over graden av måloppnåing i dei faga eleven har? Korleis gjer vi dette arbeidet heilt konkret? Kvar startar vi i så fall? Og kan IKT vere ein verktøy som kan redde oss frå byråkratiet? Kan du komme med forslag til framgangsmåtar som kan gjennomførast i praksis,
slik at hundreprosentslæraren kan meistre jobben sin?
slik at hundreprosentslæraren kan meistre jobben sin?
onsdag 23. september 2009
Muleg tema for moduloppgava
Eg tenkjer på å skrive ei moduloppgåve som skal sjå på korleis vi kan bruke Fronter og Arena i vurderingsarbeidet, særleg knytt til vurderingsforskriftas krav om undervegsvurdering utan karakter. Eg trur faktisk IKT som vertøy kan lette arbeidet for læraren og sikre alle krav til dokumentasjon. (Litt mindre å bli frustrert over) I tillegg kan ein forstå forskriftas formulering slik at det er kontaktlærar som skal gjennomføre samtalar med eleven, i alle fag. Fronter kan derfor vere eit godt verktøy for å samle kommentarar frå faglærarane, for å få gjennomført slike samtalar. Dersom ein og kan kombinere dette med elevens deltaking/medverknad, og føre dialog om anna utvikling, alt på Fronter, da har ein kanskje lagt gullegget? Det må likevel ikkje bli slik at vurderingsaqrbeidet utelukkande skjer digitalt. Barn og unge treng fysisk kontakt og samtale med lærarane sine, men det kan jo vere begge deler?
søndag 20. september 2009
IKT i læringsarbeidet
Som de ser har eg tatt i bruk ein blogg frå tidlegare, som handlar om digitale tekstar i norskfaget. Tenkte det var like greitt. Arbeid på blogg er i seg sjølv motiverande, fordi forma er så uformell, og fordi dette er eit medium elevar kan bli engasjerte i. Sjølv har eg brukt bloggen litt i eiga undervisning, og mykje av aktiviteten er utforma i lag med "dataekspertane" i klassen, og samspelet har vore godt. Det i seg sjølv er eit godt utgangspunkt. Men aktivitet i seg sjølv er ikkje nok. Likevel trur eg det iallefall kan ivareta læreplanenes krav om grunnleggande ferdigheiter i bruk av datateknologi. Men så var det det med innlæring av dei andre "faga"? I medlemsbladet Utdanning frå 28.8.09, blir det stilt spørsmål ved om vi har kontroll på "dataskolen". Forskarane sår tvil om læringsutbyttet i fag som lesing og skriving, står i forhold til satsinga på digitale verktøy, og om vi har ein klar nok definisjon på kva digital kompetanse eigentleg er? Professor Sigmund Lieberg ved Pedagogisk forskingsinstitutt i Oslo meiner vi ikkje har god nok kompetanse i den pedagogiske bruken. Han seier at det vi gjer ofte blir for eksperimentelt og at vi hoppar for fort over på nye verktøy. "Det blir som å sette jetmotor på et esel. Eselet vil kjøre veldig fort, men det vil også gå i oppløsning." (2009:28:16) Professor Lieberg var sjølv med på å utarbeide handlingsplanane for IKT-innføringa i skolen på 90-talet. Lære for å bruke, bruke for å lære er fortsatt grunnpilarane, meiner han. Mangel på kompetanse er altså ei utfordring når det gjeld bruken av datateknologi i klasserommet. Ei anna, og kanskje mykje større utfordring er at ein til no har relativt lite forskingsdata å vise til når det gjeld kva effekt IKT har i opplæringa av tradisjonelle fag. Kan overdreven bruk av IKT sågar svekke innlæringa av t.d lesing og skriving? Som emne for moduloppgåva finst eit utal av innfallsvinklar. For meg vil det vere naturleg å ta utgangspunkt i kva leiarstrategiar ein må utforme for å få auka bruk av digitale verktøy i opplæringa. Det vil sjølvsagt vere svært viktig at ein har "hundreprosentslæraren" i tankane når ein planlegg både omfang og innføringstakt. Mange lærarar manglar kompetansen, og kvir seg derfor for å sleppe elvane laus. Samtidig trur eg lærarane er positive til bruken av datateknologi i klasserommet. For meg som skoleleiar gjeld det å finne strategiar som både sørger for at læraren får god nok kompetanse til å føle seg trygg, samtidig som ein kan ta i bruk IKT i klasserommet på ein slik måte at ein kan engasjere og motivere eleven til å lære meir. Opplæringa må sjølvsagt og vere pedagogisk og konkret for lærarane. Trur du eg er på rett spor?
tysdag 26. februar 2008
HAUST I HARDANGER. Ei annleis dikttolking
Dette er eit prosjekt om samansette tekstar i norskfaget, laga i samarbeid med 2 ST3,4 ved Sunndal vidaregåande skole. Elevane har laga tekstar ut frå eigne assosiasjonar knytt til innhaldet i diktet Haust i Hardanger, t.d reportasje, dødsannonse,
HAUST I HARDANGER
eit stort,ærverdig kvitt hotell
ein sveitservilla av dimensjonar
eit prakthotell det går gjetord om
engelske lordar på lakseferie
husmorskule om vinteren
men i 1984 brenn det
blir berre forkola aske att
eigarane har hatt andre hotell
hotell som har brunne ned
forsikringspremiar både her og der
folk mumlar, veit ikkje, men trur mykje
og hotellparet flyttar frå bygda like etter
eg er seks år, det blir første verdshendinga eg hugsar
eg er ni år
går i timesvis på kyrkjegarden vi har til nabo
pratar med bestemora som døydde i april
ho som var med i barnehagen
kvar einaste dag i eitt år fordi
barnet var eit underleg barn
som ikkje ville i barnehagen
sit ved steinen hennar no
refererer skuledagar, seier:
god natt, besta
sov godt besta
etterkvart pratar eg
også med dei andre, tanter og
oldeforeldre og tippoldeforeldre
til slutt kjenner eg nesten alle der
slektningar eller ikkje slektningar
kan seie kven som ligg kvar og
kven som ligg ved sida av kven
kan nesten seie kvifor også
er stadig folk som døyr
ein gravemann står nedi
ein gravemann står oppe
ein gaular opp, ein gaular ned
hender dei spar opp ei gamal grav
eg er der etter dei har grave og ser
kranium og kjevebein og knoklar og
veit kven sine bein eg ser
veit kven eg ser restar av
les sløyfeskrifter i gull
dei vanlege orda er
takk for alt
kvil i fred
men eg
likar betre
høgt elska
sårt sakna
medan gravemennene
kastar matjord og gamle bein
over den nye kvite kista nedi holet
plukkar far min og mor mi og eg eple
plukkar i store raude pøsar på magen
plukkar aroma og summerred
dei som er best
og prins og gravenstein
dei folk vil ha
me plukkar i pøsar, tømmer i kassar
epla klirrar når dei treffer botnen av kassa
når botnen av kassa er dekt, klirrar
epla når dei treffer epla under seg
men bør ikkje klirre for mykje
då blir det brune flekkar
bør ikkje få skurv på seg heller
men vanskelegare å hindre
regnar mykje i hardangerhjelper ikkje med
sydvest, regnjakke
regnbukse, støvlar
siler likevel nedover
droplar nedover hendene og
handledda og underarmane våre
og er mykje meir som kan gå gale
mykje sopp og skurv og flekkar og faenskap
kanskje det haglar på grønne eplekart i juni
-i oktober er dei stakkars vaksne epla
vansira, skeive, ubrukelege
eller kanskje det stormar ei septembernatt
epla som var stolte og perfekte starndard 1
ligg strødd som nedfallsfrukt dagen etter
er blitt standard 3 som får
far min til å sukke
så mange eple må inn i hus
berre litt færre år for år
sauer har me ikkje lenger
dei fleste andre har også slutta
berre hobbysauer igjen her og der
hender ein sau hektar ulla fast i eit kratt
sklir og ramlar, hamnar på rygg
sprellar og kavar
dei kallar det
å hamne i
aovelto
ein sau i aovelto
kjem seg aldri opp igjen
og han veit det, veit han må
liggje der og avmagrast
liggje der og døy levande
som gardsdrifta
som bygda
nokre månader etter
kjem kanskje nokon forbi
kanskje nokon på sanking
kanskje eg på besøk frå byen
ser ein fugleflokk og ein ramn og
seier:stakkaren må
ha hamna
i aovelto
Store stygge dikt, 2005
HAUST I HARDANGER
eit stort,ærverdig kvitt hotell
ein sveitservilla av dimensjonar
eit prakthotell det går gjetord om
engelske lordar på lakseferie
husmorskule om vinteren
men i 1984 brenn det
blir berre forkola aske att
eigarane har hatt andre hotell
hotell som har brunne ned
forsikringspremiar både her og der
folk mumlar, veit ikkje, men trur mykje
og hotellparet flyttar frå bygda like etter
eg er seks år, det blir første verdshendinga eg hugsar
eg er ni år
går i timesvis på kyrkjegarden vi har til nabo
pratar med bestemora som døydde i april
ho som var med i barnehagen
kvar einaste dag i eitt år fordi
barnet var eit underleg barn
som ikkje ville i barnehagen
sit ved steinen hennar no
refererer skuledagar, seier:
god natt, besta
sov godt besta
etterkvart pratar eg
også med dei andre, tanter og
oldeforeldre og tippoldeforeldre
til slutt kjenner eg nesten alle der
slektningar eller ikkje slektningar
kan seie kven som ligg kvar og
kven som ligg ved sida av kven
kan nesten seie kvifor også
er stadig folk som døyr
ein gravemann står nedi
ein gravemann står oppe
ein gaular opp, ein gaular ned
hender dei spar opp ei gamal grav
eg er der etter dei har grave og ser
kranium og kjevebein og knoklar og
veit kven sine bein eg ser
veit kven eg ser restar av
les sløyfeskrifter i gull
dei vanlege orda er
takk for alt
kvil i fred
men eg
likar betre
høgt elska
sårt sakna
medan gravemennene
kastar matjord og gamle bein
over den nye kvite kista nedi holet
plukkar far min og mor mi og eg eple
plukkar i store raude pøsar på magen
plukkar aroma og summerred
dei som er best
og prins og gravenstein
dei folk vil ha
me plukkar i pøsar, tømmer i kassar
epla klirrar når dei treffer botnen av kassa
når botnen av kassa er dekt, klirrar
epla når dei treffer epla under seg
men bør ikkje klirre for mykje
då blir det brune flekkar
bør ikkje få skurv på seg heller
men vanskelegare å hindre
regnar mykje i hardangerhjelper ikkje med
sydvest, regnjakke
regnbukse, støvlar
siler likevel nedover
droplar nedover hendene og
handledda og underarmane våre
og er mykje meir som kan gå gale
mykje sopp og skurv og flekkar og faenskap
kanskje det haglar på grønne eplekart i juni
-i oktober er dei stakkars vaksne epla
vansira, skeive, ubrukelege
eller kanskje det stormar ei septembernatt
epla som var stolte og perfekte starndard 1
ligg strødd som nedfallsfrukt dagen etter
er blitt standard 3 som får
far min til å sukke
så mange eple må inn i hus
berre litt færre år for år
sauer har me ikkje lenger
dei fleste andre har også slutta
berre hobbysauer igjen her og der
hender ein sau hektar ulla fast i eit kratt
sklir og ramlar, hamnar på rygg
sprellar og kavar
dei kallar det
å hamne i
aovelto
ein sau i aovelto
kjem seg aldri opp igjen
og han veit det, veit han må
liggje der og avmagrast
liggje der og døy levande
som gardsdrifta
som bygda
nokre månader etter
kjem kanskje nokon forbi
kanskje nokon på sanking
kanskje eg på besøk frå byen
ser ein fugleflokk og ein ramn og
seier:stakkaren må
ha hamna
i aovelto
Store stygge dikt, 2005
torsdag 31. januar 2008
BLOGGKOMMENTARAR
Eg har kommentert Inger Annes nettsideanalyse. Dei eg skulle kommentere kom ikkje opp/var ikkje skrivne, men viss dei er der no skal det bli. Vidare har eg kommentert Jon Arnes undervisningsopplegg. Anders skulle eg ha kommentert, men eg kan ikkje sjå at han har lagt ut noko eg kan kommentere.
http://inansu.blogspot.com/
http://susehumla.blogspot.com/
http://inansu.blogspot.com/
http://susehumla.blogspot.com/
Ei kvinne
Denne presentasjonen vart laga på 2.samling i januar. Eg fann eit dikt av Marie Takvam som eg likte godt
https://files.itslearning.com/data/ntnu/65653/EI%20KVINNE.ppt
https://files.itslearning.com/data/ntnu/65653/EI%20KVINNE.ppt
onsdag 30. januar 2008
Det viktigaste i verda.....
Her er det viktigaste i livet... og så er det reisa gjennom ... Kanskje skulle vi hatt eit portrett av alderdommen og?
Abonner på:
Innlegg (Atom)
