søndag 20. september 2009

IKT i læringsarbeidet

Som de ser har eg tatt i bruk ein blogg frå tidlegare, som handlar om digitale tekstar i norskfaget. Tenkte det var like greitt. Arbeid på blogg er i seg sjølv motiverande, fordi forma er så uformell, og fordi dette er eit medium elevar kan bli engasjerte i. Sjølv har eg brukt bloggen litt i eiga undervisning, og mykje av aktiviteten er utforma i lag med "dataekspertane" i klassen, og samspelet har vore godt. Det i seg sjølv er eit godt utgangspunkt. Men aktivitet i seg sjølv er ikkje nok. Likevel trur eg det iallefall kan ivareta læreplanenes krav om grunnleggande ferdigheiter i bruk av datateknologi. Men så var det det med innlæring av dei andre "faga"? I medlemsbladet Utdanning frå 28.8.09, blir det stilt spørsmål ved om vi har kontroll på "dataskolen". Forskarane sår tvil om læringsutbyttet i fag som lesing og skriving, står i forhold til satsinga på digitale verktøy, og om vi har ein klar nok definisjon på kva digital kompetanse eigentleg er? Professor Sigmund Lieberg ved Pedagogisk forskingsinstitutt i Oslo meiner vi ikkje har god nok kompetanse i den pedagogiske bruken. Han seier at det vi gjer ofte blir for eksperimentelt og at vi hoppar for fort over på nye verktøy. "Det blir som å sette jetmotor på et esel. Eselet vil kjøre veldig fort, men det vil også gå i oppløsning." (2009:28:16) Professor Lieberg var sjølv med på å utarbeide handlingsplanane for IKT-innføringa i skolen på 90-talet. Lære for å bruke, bruke for å lære er fortsatt grunnpilarane, meiner han. Mangel på kompetanse er altså ei utfordring når det gjeld bruken av datateknologi i klasserommet. Ei anna, og kanskje mykje større utfordring er at ein til no har relativt lite forskingsdata å vise til når det gjeld kva effekt IKT har i opplæringa av tradisjonelle fag. Kan overdreven bruk av IKT sågar svekke innlæringa av t.d lesing og skriving? Som emne for moduloppgåva finst  eit utal av innfallsvinklar. For meg vil det vere naturleg å ta utgangspunkt i kva leiarstrategiar ein må utforme for å få auka bruk av digitale verktøy i opplæringa. Det vil  sjølvsagt vere svært viktig at ein har "hundreprosentslæraren" i tankane når ein planlegg både omfang og innføringstakt. Mange lærarar manglar kompetansen, og kvir seg derfor for å sleppe elvane laus. Samtidig trur eg lærarane er positive til bruken av datateknologi i klasserommet. For meg som skoleleiar gjeld det å finne strategiar som både sørger for at læraren får god nok kompetanse til å føle seg trygg, samtidig som ein kan ta i bruk IKT i klasserommet på ein slik måte at ein kan engasjere og motivere eleven til å lære meir. Opplæringa må sjølvsagt og vere pedagogisk og konkret for lærarane. Trur du eg er på rett spor?

2 kommentarer:

Kjell Atle sa...

Takk for adressen! Fint at du brujker en blogg du har startet fra før.

Du skriver mye klokt og innsiktsfullt. Jeg kjenner Lieberg ganske godt og har stor respekt for ham, men kan det tenkes at han tar feil her? Er problemet i videregående skole at endringene går for fort? Selv tviler jeg sterkt på det. Hva sier du?

Edel sa...

Nei, eg trur ikkje endringane i vidaregåande skole går for fort, men det finst ingen diskusjon om korleis IKT kan brukast pedagogisk. Mange lærarar klagar over at elevane driv med heilt andre ting(spel, blogg osv.) enn det dei skal i undervisninga, og at derfor er IKT eit onde. Litt rar argumentasjon det eigentleg, for det dei eigentleg seier er at vi som lærarar ikkje har kontroll i klasserommet. Dessutan seier det noko om at vi driv ei undervisning som er "utanfor" bruken av IKT. Kanskje ein ide å ta elevane med på råd om korleis vi kan bruke datamaskina, samtidig som vi får kunnskap om dei ulike tema som læreplanane seier vi skal ha?