tysdag 4. desember 2007

Kursoppgåve1 Språkrådets nettside


Språkrådet er statens fagorgan i språkspørsmål og skal arbeide med å styrke det norske språket i notid og framtid. Vidare skal dei forvalte dei to offisielle språkformene våre, med særleg vekt på nynorsk. Dei skal og så langt råd ta vare på samisk språk. Språkrådet har som viktigaste oppgåve å drive utoverretta informasjon om språk og drive råd og rettleiing til brukarane.
Nettsida til Språkrådet, som også er tittelen på sida, http://språkrådet.no/Spraakraadet/ er laga i ein nøktern stil når det gjeld fargeval og skrifttypar. Fargevalet er likevel gjort på ein slik måte at ein tydeleg kan sjå kva dei inneheld. Mellom anna har sida tre røde firkantar over tittelen som lett kan hjelpe deg til å søke i ordbøker og finne tidlegare nummer av Språknytt som er Språkrådets eiga utgjeving. Akkurat denne "ordbokvrien" var praktisk og lett tilgjengeleg, og eg vil tru at mange som kjem innom sida nettopp er på jakt etter skrivemåtar av ord. Resten av sida er og svært oversiktleg og ein kan reise langt av stad og finne svar på det meste ein lurer på som gjeld bruken av språk i dei fleste samanhengar. Midt på sida finn ein vidare spalta for aktuelle saker. Her er det tekstintegrerte peikarar som leier vidare til andre artiklar som omhandlar dei same emna.
På venstre side finn ein informasjon om Språkrådet, e-postadressene mailto:post@sprakradet.no raskt kan gje oss kontakt med dei som arbeider for Språkrådet. Ein spesiell vri er at sidas innhald er gjort tilgjengeleg for brukarar som beherskar engelsk, tysk og fransk. Det er jo flott for dei som kjem inn til landet og som gjerne vil skjønne kvifor t.d nordmenn er så engasjerte når det dukkar opp debattar av språkpolitisk interesse.
Høgre side har tittelen BEINVEGEN . Her får du språkkommentarar og litt om kva media handterer språk i ulike samanhengar. Det aller finaste er kanskje peikarane som gir tilgang til lovverket, iallefall for dei som bør kjenne reglane for språkbruk i offentleg teneste. All informasjon her er lenka vidare eksternt til paragrafar og vedtak formidla gjennom nettstaden Lovdata.
Eg vil tru at dei fleste vaksne brukarar, som er interesserte i språk, vil finne sida svært god i jakta på praktisk informasjon. Det same gjeld også om ein berre vil halde seg orientert om det sist aktuelle når det gjeld språk. Men så var det denne ungdommen da! Kva med dei? Kva skal til om dei skal engasjere seg i språkspørsmål? Kva om dei til og med må kunne skrive rett(jfr. nasjonale prøver 2007)? Tja, det er ikkje sikkert alt det handlar om den mest fancy nettstaden. Språkrådets sider er som sagt lett å ta seg fram på. Dessutan er det lite jåleri og ein finn det ein leitar etter fort. Det likar ungdom. Og så trur eg ikkje interesse for språk har med nettsider å gjere. Lærelyst har med engasjement og motivasjon å gjere. Språkrådets sider vil hjelpe alle til å halde engasjementet oppe så lenge ein berre vil!

måndag 3. desember 2007

Det vart ei underleg tid. Det at eg tapte siste dag av første samling har sett meg litt ut, men eg håper eg skal komme sterkare tilbake.er eit