onsdag 14. oktober 2009

Må vi alle endre vurderingspraksis som følgje av den nye vurderingsforskrifta?

Endringane i forskrift til Opplæringslova, vurderingsforskrifta, som gjeld frå august 2009, legg opp til ein heilt ny vurderingspraksis i skolen. Dei nye slagorda er "vurdering for læring" eller undervegsvurdering og målrelatert vurdering, halvårsvurdering med og utan samtale, sluttvurdering eller vurdering av læring og krav om dokumentasjon osv,osv. Alle som arbeider i skolen bør vere kjent med alle desse, men kva ligg eigentleg i dei krava vurderingsforskrifta stiller? Kva for vurderingskultur har vi frå før? Må vi sjølve og skolen endre vurderingspraksis som følgje av den nye forskrifta? Men før ein vel strategi er det viktig at ein finn fram til ei nokonlunde felles forståing av det forskrifta eigentleg krev. Utan å gå inn på alle paragrafar og ordlyden i desse, vel eg å presentere det eg oppfattar som dei viktigaste endringane. Aller først blir det sagt at undervegsvurdering skal vere systematisk og løpande, men ho kan vere både skriftleg og muntleg. Vidare heiter det at eleven, kvart halvår, har rett til samtale med kontaktlærar om utvikling i forhold til kompetansemåla, og at denne samtalen kan gjennomførast i samband med halvårsvurderinga utan karakter. Så skal halvårsvurderinga, som er ein del av undervegsvurderinga, gje rettleiing om korleis eleven kan auke kompetansen i faget. Eleven skal og drive eigavurdering som ein del av undervegsvurderinga, og ikkje minst skal det dokumenterast at undervegsvurdering er gitt.  Slik eg ser det, er det fleire sider ved ordbruken som må definerast? Korleis kan ein føre dialog? Korleis formulere ei rettleiiande vurdering og kor ofte? Korleis sikre at kontaktlærar har oversikt over graden av måloppnåing i dei faga eleven har? Korleis gjer vi dette arbeidet heilt konkret? Kvar startar vi i så fall? Og kan IKT vere ein verktøy som kan redde oss frå byråkratiet?  Kan du komme med forslag til framgangsmåtar som kan gjennomførast i praksis,
slik at hundreprosentslæraren kan meistre jobben sin?

4 kommentarer:

Kjell Atle sa...

Vet ikke om jeg kan komme med forslag til hvordan dette kan løses, men peker gjerne på en mulighet og enda en utfordring.

Den nye fosskriften legger opp ti forpliktende prosedyrer som lett kan synes uoverkommelige - i alle fall for en "utenforstående". Du sier det selv: HVORDAN SKAL KONTAKTLÆRER SKAFFE OVERSIKT OVER UTVIKLING I ALLE FAG?

Her burde det være mulig å bruke læringsplattformen til å samordne informasjon fra alle lærerne som er involvert med hver enkelt elev, slik at kontaktlæreren har grunnlag for dialogen med eleven.

Og så utfordringen: hvordan håndterer dere evalueringa v de nye sjangerene som har kommet med bruk av IKT, f. eks. sammensatte tekster. Hvordan formulerer dere vurderingskriteriene her? Anita Normann var litt inne på dette i sin forelsesning på samlingen.

Edel sa...

Ja, først må vi finne fram til den praktiske bruken av kommentarfelt osv. i Arena. Så må vi over på korleis vi kan formulere oss, slik at kontaktlærar kan formidle dette og eleven forstå det! Her finst det uante moglegheiter, og vi må prøve ut mange variantar. Det gjer vi best om alle er med. Så ventar vi sjølvsagt på Udirs rundskriv med utfyllande kommentarar til den nye vurderingsforskrifta. Hadde eigentleg vore lurt at ho kom snart. Det er jo snart juleferie og slutt på termin 1.

Jan Ove sa...

Dette ser interessant ut!

Eg har litt lyst til å legge inn ein litt annan dimensjon i tillegg:

Ved Sunndal vgs bruker vi Fronter som LMS og held på å ta i bruk SkoleArena som dokumentasjons- og arkiveringssystem for individuell vurdering (kopla opp mot IST-Extens som administrasjonssystem).

Dette kan gi nokre utfordringar, samtidig som det kan gi eit ryddig system for dokumentasjon.

Undervegsvurdering i Fronter og på andre arenaer, t.d. korte munnlege rettleiingar, blir skild frå den formelle dokumentasjonen i SkoleArena. Utfordringa ligg mellom anna i å få dette gjort på ein slik måte at læraren ikkje opplever dobbeltarbeid, og samtidig kvalitetssikre vurderingane både ut frå vurderingskriteria og kravet om rettleiing vidare.

Edel sa...

akkurat no opplevest det som at "kravet" i vurderingsforskrifta kan bli for omfattande. Det er viktig at vurdering ikkje blir eit fag i seg sjølv, og at dei enkelte faga ikkje kjem i bakgrunnen. Blir vi for ivrige i å vurdere, og kreve elevens engasjement i dette arbeidet meir enn å lese fag, trur eg motivasjonen til unge folk blir sett for mykje på prøve. Det viktigaste blir fortsatt det fageleg dyktige læraren som fortel og lærerer bort det han kan.