onsdag 23. september 2009

Muleg tema for moduloppgava

Eg tenkjer  på å skrive ei moduloppgåve som skal sjå på korleis vi kan bruke Fronter og Arena i vurderingsarbeidet, særleg knytt til vurderingsforskriftas krav om undervegsvurdering utan karakter. Eg trur faktisk IKT som vertøy kan lette arbeidet for læraren og sikre alle krav til dokumentasjon. (Litt mindre å bli frustrert over) I tillegg kan ein forstå forskriftas formulering slik at det er kontaktlærar som skal gjennomføre samtalar med eleven, i alle fag. Fronter kan derfor vere eit godt verktøy for å samle kommentarar frå faglærarane, for å få gjennomført slike samtalar. Dersom ein og kan kombinere dette med elevens deltaking/medverknad, og føre dialog om anna utvikling, alt på Fronter, da har ein kanskje lagt gullegget? Det må likevel ikkje bli slik at vurderingsaqrbeidet utelukkande skjer digitalt. Barn og unge treng fysisk kontakt og samtale med lærarane sine, men det kan jo vere begge deler?

4 kommentarer:

Kjell Atle sa...

Interessant utgangspunkt for oppgave, Edel. Har du tenkt å kombinere dette med utprøving i praksis? Kunne vært interessant med noen tanker om hvor "modne" lærerne og elevene er for å bli med på en slik bruk av Fronter.

Edel sa...

Eg trur fleire av lærarane ved skolen vår kan tenkje seg å bruke IKT meir i vurderingsarbeidet, men dei er redde for at dette skal utvikle seg ei byråkratisering av arbeidet til læraren, utan at læringseffekten for eleven blir noko særleg betre. Sjølv har eg prøvd ut litt av dette på eigen klasse, og dei likar godt å få vurdert arbeidet sitt digitalt, saman med kommentarar til forbetring. Eg vil prøve å få kollegaane mine til å sjå kva gevinst dette kan ha, ikkje minst når det gjeld vurderingsforskriftas "krav" til dokumentasjon. Det er sjølvsagt ei utfordring å få elevane til å respondere på vurderingane på ei måte som gjer at dei kan lære meir.

Unknown sa...

Har du prøvd å lage prøver i fronter? Eller å sjekke avskrivt i oppgaver? Itslearning (konkurrenten) har gode innebygde moduler på dette. Multiple choice-oppgaver på digitale læringsplatformer kan spare en lærer for mange timers retting og setter karakter automatisk... :-)
Kan det være noe å prøve ut?

Edel sa...

Ja, absolutt, men eg trur eg må gå litt saktare fram i første runde. Skal sjekke det etterkvart. Kanskje ender vi opp med It's learning?