onsdag 14. oktober 2009

Må vi alle endre vurderingspraksis som følgje av den nye vurderingsforskrifta?

Endringane i forskrift til Opplæringslova, vurderingsforskrifta, som gjeld frå august 2009, legg opp til ein heilt ny vurderingspraksis i skolen. Dei nye slagorda er "vurdering for læring" eller undervegsvurdering og målrelatert vurdering, halvårsvurdering med og utan samtale, sluttvurdering eller vurdering av læring og krav om dokumentasjon osv,osv. Alle som arbeider i skolen bør vere kjent med alle desse, men kva ligg eigentleg i dei krava vurderingsforskrifta stiller? Kva for vurderingskultur har vi frå før? Må vi sjølve og skolen endre vurderingspraksis som følgje av den nye forskrifta? Men før ein vel strategi er det viktig at ein finn fram til ei nokonlunde felles forståing av det forskrifta eigentleg krev. Utan å gå inn på alle paragrafar og ordlyden i desse, vel eg å presentere det eg oppfattar som dei viktigaste endringane. Aller først blir det sagt at undervegsvurdering skal vere systematisk og løpande, men ho kan vere både skriftleg og muntleg. Vidare heiter det at eleven, kvart halvår, har rett til samtale med kontaktlærar om utvikling i forhold til kompetansemåla, og at denne samtalen kan gjennomførast i samband med halvårsvurderinga utan karakter. Så skal halvårsvurderinga, som er ein del av undervegsvurderinga, gje rettleiing om korleis eleven kan auke kompetansen i faget. Eleven skal og drive eigavurdering som ein del av undervegsvurderinga, og ikkje minst skal det dokumenterast at undervegsvurdering er gitt.  Slik eg ser det, er det fleire sider ved ordbruken som må definerast? Korleis kan ein føre dialog? Korleis formulere ei rettleiiande vurdering og kor ofte? Korleis sikre at kontaktlærar har oversikt over graden av måloppnåing i dei faga eleven har? Korleis gjer vi dette arbeidet heilt konkret? Kvar startar vi i så fall? Og kan IKT vere ein verktøy som kan redde oss frå byråkratiet?  Kan du komme med forslag til framgangsmåtar som kan gjennomførast i praksis,
slik at hundreprosentslæraren kan meistre jobben sin?