søndag 26. september 2010

Ny Haust i Hardanger

HAUST I HARDANGER




eit stort,ærverdig kvitt hotell

ein sveitservilla av dimensjonar

eit prakthotell det går gjetord om

engelske lordar på lakseferie

husmorskule om vinteren

men i 1984 brenn det

blir berre forkola aske att

eigarane har hatt andre hotell

hotell som har brunne ned

forsikringspremiar både her og der

folk mumlar, veit ikkje, men trur mykje

og hotellparet flyttar frå bygda like etter

eg er seks år, det blir første verdshendinga eg hugsar



eg er ni år

går i timesvis på kyrkjegarden vi har til nabo

pratar med bestemora som døydde i april

ho som var med i barnehagen

kvar einaste dag i eitt år fordi

barnet var eit underleg barn

som ikkje ville i barnehagen

sit ved steinen hennar no

refererer skuledagar, seier:

god natt, besta

sov godt besta



etterkvart pratar eg

også med dei andre, tanter og

oldeforeldre og tippoldeforeldre

til slutt kjenner eg nesten alle der

slektningar eller ikkje slektningar

kan seie kven som ligg kvar og

kven som ligg ved sida av kven

kan nesten seie kvifor også



er stadig folk som døyr

ein gravemann står nedi

ein gravemann står oppe

ein gaular opp, ein gaular ned

hender dei spar opp ei gamal grav

eg er der etter dei har grave og ser

kranium og kjevebein og knoklar og

veit kven sine bein eg ser

veit kven eg ser restar av



les sløyfeskrifter i gull

dei vanlege orda er

takk for alt

kvil i fred

men eg

likar betre

høgt elska

sårt sakna



medan gravemennene

kastar matjord og gamle bein

over den nye kvite kista nedi holet

plukkar far min og mor mi og eg eple

plukkar i store raude pøsar på magen

plukkar aroma og summerred

dei som er best

og prins og gravenstein

dei folk vil ha



me plukkar i pøsar, tømmer i kassar

epla klirrar når dei treffer botnen av kassa

når botnen av kassa er dekt, klirrar

epla når dei treffer epla under seg

men bør ikkje klirre for mykje

då blir det brune flekkar



bør ikkje få skurv på seg heller

men vanskelegare å hindre

regnar mykje i hardangerhjelper ikkje med

sydvest, regnjakke

regnbukse, støvlar

siler likevel nedover

droplar nedover hendene og

handledda og underarmane våre



og er mykje meir som kan gå gale

mykje sopp og skurv og flekkar og faenskap

kanskje det haglar på grønne eplekart i juni

-i oktober er dei stakkars vaksne epla

vansira, skeive, ubrukelege



eller kanskje det stormar ei septembernatt

epla som var stolte og perfekte standard 1

ligg strødd som nedfallsfrukt dagen etter

er blitt standard 3 som får

far min til å sukke



så mange eple må inn i hus

berre litt færre år for år

sauer har me ikkje lenger

dei fleste andre har også slutta

berre hobbysauer igjen her og der

hender ein sau hektar ulla fast i eit kratt

sklir og ramlar, hamnar på rygg

sprellar og kavar

dei kallar det

å hamne i

aovelto



ein sau i aovelto

kjem seg aldri opp igjen

og han veit det, veit han må

liggje der og avmagrast

liggje der og døy levande

som gardsdrifta

som bygda

nokre månader etter

kjem kanskje nokon forbi

kanskje nokon på sanking

kanskje eg på besøk frå byen

ser ein fugleflokk og ein ramn og

seier: stakkaren må ha hamna

i aovelto