tysdag 26. februar 2008

HAUST I HARDANGER. Ei annleis dikttolking

Dette er eit prosjekt om samansette tekstar i norskfaget, laga i samarbeid med 2 ST3,4 ved Sunndal vidaregåande skole. Elevane har laga tekstar ut frå eigne assosiasjonar knytt til innhaldet i diktet Haust i Hardanger, t.d reportasje, dødsannonse,
HAUST I HARDANGER

eit stort,ærverdig kvitt hotell
ein sveitservilla av dimensjonar
eit prakthotell det går gjetord om
engelske lordar på lakseferie
husmorskule om vinteren
men i 1984 brenn det
blir berre forkola aske att
eigarane har hatt andre hotell
hotell som har brunne ned
forsikringspremiar både her og der
folk mumlar, veit ikkje, men trur mykje
og hotellparet flyttar frå bygda like etter
eg er seks år, det blir første verdshendinga eg hugsar

eg er ni år
går i timesvis på kyrkjegarden vi har til nabo
pratar med bestemora som døydde i april
ho som var med i barnehagen
kvar einaste dag i eitt år fordi
barnet var eit underleg barn
som ikkje ville i barnehagen
sit ved steinen hennar no
refererer skuledagar, seier:
god natt, besta
sov godt besta

etterkvart pratar eg
også med dei andre, tanter og
oldeforeldre og tippoldeforeldre
til slutt kjenner eg nesten alle der
slektningar eller ikkje slektningar
kan seie kven som ligg kvar og
kven som ligg ved sida av kven
kan nesten seie kvifor også

er stadig folk som døyr
ein gravemann står nedi
ein gravemann står oppe
ein gaular opp, ein gaular ned
hender dei spar opp ei gamal grav
eg er der etter dei har grave og ser
kranium og kjevebein og knoklar og
veit kven sine bein eg ser
veit kven eg ser restar av

les sløyfeskrifter i gull
dei vanlege orda er
takk for alt
kvil i fred
men eg
likar betre
høgt elska
sårt sakna

medan gravemennene
kastar matjord og gamle bein
over den nye kvite kista nedi holet
plukkar far min og mor mi og eg eple
plukkar i store raude pøsar på magen
plukkar aroma og summerred
dei som er best
og prins og gravenstein
dei folk vil ha

me plukkar i pøsar, tømmer i kassar
epla klirrar når dei treffer botnen av kassa
når botnen av kassa er dekt, klirrar
epla når dei treffer epla under seg
men bør ikkje klirre for mykje
då blir det brune flekkar

bør ikkje få skurv på seg heller
men vanskelegare å hindre
regnar mykje i hardangerhjelper ikkje med
sydvest, regnjakke
regnbukse, støvlar
siler likevel nedover
droplar nedover hendene og
handledda og underarmane våre

og er mykje meir som kan gå gale
mykje sopp og skurv og flekkar og faenskap
kanskje det haglar på grønne eplekart i juni
-i oktober er dei stakkars vaksne epla
vansira, skeive, ubrukelege

eller kanskje det stormar ei septembernatt
epla som var stolte og perfekte starndard 1
ligg strødd som nedfallsfrukt dagen etter
er blitt standard 3 som får
far min til å sukke

så mange eple må inn i hus
berre litt færre år for år
sauer har me ikkje lenger
dei fleste andre har også slutta
berre hobbysauer igjen her og der
hender ein sau hektar ulla fast i eit kratt
sklir og ramlar, hamnar på rygg
sprellar og kavar
dei kallar det
å hamne i
aovelto

ein sau i aovelto
kjem seg aldri opp igjen
og han veit det, veit han må
liggje der og avmagrast
liggje der og døy levande
som gardsdrifta
som bygda

nokre månader etter
kjem kanskje nokon forbi
kanskje nokon på sanking
kanskje eg på besøk frå byen
ser ein fugleflokk og ein ramn og
seier:stakkaren må
ha hamna
i aovelto

Store stygge dikt, 2005

1 kommentar:

Anonym sa...

hvorfor ikke:)