onsdag 23. september 2009

Muleg tema for moduloppgava

Eg tenkjer  på å skrive ei moduloppgåve som skal sjå på korleis vi kan bruke Fronter og Arena i vurderingsarbeidet, særleg knytt til vurderingsforskriftas krav om undervegsvurdering utan karakter. Eg trur faktisk IKT som vertøy kan lette arbeidet for læraren og sikre alle krav til dokumentasjon. (Litt mindre å bli frustrert over) I tillegg kan ein forstå forskriftas formulering slik at det er kontaktlærar som skal gjennomføre samtalar med eleven, i alle fag. Fronter kan derfor vere eit godt verktøy for å samle kommentarar frå faglærarane, for å få gjennomført slike samtalar. Dersom ein og kan kombinere dette med elevens deltaking/medverknad, og føre dialog om anna utvikling, alt på Fronter, da har ein kanskje lagt gullegget? Det må likevel ikkje bli slik at vurderingsaqrbeidet utelukkande skjer digitalt. Barn og unge treng fysisk kontakt og samtale med lærarane sine, men det kan jo vere begge deler?

søndag 20. september 2009

IKT i læringsarbeidet

Som de ser har eg tatt i bruk ein blogg frå tidlegare, som handlar om digitale tekstar i norskfaget. Tenkte det var like greitt. Arbeid på blogg er i seg sjølv motiverande, fordi forma er så uformell, og fordi dette er eit medium elevar kan bli engasjerte i. Sjølv har eg brukt bloggen litt i eiga undervisning, og mykje av aktiviteten er utforma i lag med "dataekspertane" i klassen, og samspelet har vore godt. Det i seg sjølv er eit godt utgangspunkt. Men aktivitet i seg sjølv er ikkje nok. Likevel trur eg det iallefall kan ivareta læreplanenes krav om grunnleggande ferdigheiter i bruk av datateknologi. Men så var det det med innlæring av dei andre "faga"? I medlemsbladet Utdanning frå 28.8.09, blir det stilt spørsmål ved om vi har kontroll på "dataskolen". Forskarane sår tvil om læringsutbyttet i fag som lesing og skriving, står i forhold til satsinga på digitale verktøy, og om vi har ein klar nok definisjon på kva digital kompetanse eigentleg er? Professor Sigmund Lieberg ved Pedagogisk forskingsinstitutt i Oslo meiner vi ikkje har god nok kompetanse i den pedagogiske bruken. Han seier at det vi gjer ofte blir for eksperimentelt og at vi hoppar for fort over på nye verktøy. "Det blir som å sette jetmotor på et esel. Eselet vil kjøre veldig fort, men det vil også gå i oppløsning." (2009:28:16) Professor Lieberg var sjølv med på å utarbeide handlingsplanane for IKT-innføringa i skolen på 90-talet. Lære for å bruke, bruke for å lære er fortsatt grunnpilarane, meiner han. Mangel på kompetanse er altså ei utfordring når det gjeld bruken av datateknologi i klasserommet. Ei anna, og kanskje mykje større utfordring er at ein til no har relativt lite forskingsdata å vise til når det gjeld kva effekt IKT har i opplæringa av tradisjonelle fag. Kan overdreven bruk av IKT sågar svekke innlæringa av t.d lesing og skriving? Som emne for moduloppgåva finst  eit utal av innfallsvinklar. For meg vil det vere naturleg å ta utgangspunkt i kva leiarstrategiar ein må utforme for å få auka bruk av digitale verktøy i opplæringa. Det vil  sjølvsagt vere svært viktig at ein har "hundreprosentslæraren" i tankane når ein planlegg både omfang og innføringstakt. Mange lærarar manglar kompetansen, og kvir seg derfor for å sleppe elvane laus. Samtidig trur eg lærarane er positive til bruken av datateknologi i klasserommet. For meg som skoleleiar gjeld det å finne strategiar som både sørger for at læraren får god nok kompetanse til å føle seg trygg, samtidig som ein kan ta i bruk IKT i klasserommet på ein slik måte at ein kan engasjere og motivere eleven til å lære meir. Opplæringa må sjølvsagt og vere pedagogisk og konkret for lærarane. Trur du eg er på rett spor?