søndag 26. september 2010

Ny Haust i Hardanger

HAUST I HARDANGER




eit stort,ærverdig kvitt hotell

ein sveitservilla av dimensjonar

eit prakthotell det går gjetord om

engelske lordar på lakseferie

husmorskule om vinteren

men i 1984 brenn det

blir berre forkola aske att

eigarane har hatt andre hotell

hotell som har brunne ned

forsikringspremiar både her og der

folk mumlar, veit ikkje, men trur mykje

og hotellparet flyttar frå bygda like etter

eg er seks år, det blir første verdshendinga eg hugsar



eg er ni år

går i timesvis på kyrkjegarden vi har til nabo

pratar med bestemora som døydde i april

ho som var med i barnehagen

kvar einaste dag i eitt år fordi

barnet var eit underleg barn

som ikkje ville i barnehagen

sit ved steinen hennar no

refererer skuledagar, seier:

god natt, besta

sov godt besta



etterkvart pratar eg

også med dei andre, tanter og

oldeforeldre og tippoldeforeldre

til slutt kjenner eg nesten alle der

slektningar eller ikkje slektningar

kan seie kven som ligg kvar og

kven som ligg ved sida av kven

kan nesten seie kvifor også



er stadig folk som døyr

ein gravemann står nedi

ein gravemann står oppe

ein gaular opp, ein gaular ned

hender dei spar opp ei gamal grav

eg er der etter dei har grave og ser

kranium og kjevebein og knoklar og

veit kven sine bein eg ser

veit kven eg ser restar av



les sløyfeskrifter i gull

dei vanlege orda er

takk for alt

kvil i fred

men eg

likar betre

høgt elska

sårt sakna



medan gravemennene

kastar matjord og gamle bein

over den nye kvite kista nedi holet

plukkar far min og mor mi og eg eple

plukkar i store raude pøsar på magen

plukkar aroma og summerred

dei som er best

og prins og gravenstein

dei folk vil ha



me plukkar i pøsar, tømmer i kassar

epla klirrar når dei treffer botnen av kassa

når botnen av kassa er dekt, klirrar

epla når dei treffer epla under seg

men bør ikkje klirre for mykje

då blir det brune flekkar



bør ikkje få skurv på seg heller

men vanskelegare å hindre

regnar mykje i hardangerhjelper ikkje med

sydvest, regnjakke

regnbukse, støvlar

siler likevel nedover

droplar nedover hendene og

handledda og underarmane våre



og er mykje meir som kan gå gale

mykje sopp og skurv og flekkar og faenskap

kanskje det haglar på grønne eplekart i juni

-i oktober er dei stakkars vaksne epla

vansira, skeive, ubrukelege



eller kanskje det stormar ei septembernatt

epla som var stolte og perfekte standard 1

ligg strødd som nedfallsfrukt dagen etter

er blitt standard 3 som får

far min til å sukke



så mange eple må inn i hus

berre litt færre år for år

sauer har me ikkje lenger

dei fleste andre har også slutta

berre hobbysauer igjen her og der

hender ein sau hektar ulla fast i eit kratt

sklir og ramlar, hamnar på rygg

sprellar og kavar

dei kallar det

å hamne i

aovelto



ein sau i aovelto

kjem seg aldri opp igjen

og han veit det, veit han må

liggje der og avmagrast

liggje der og døy levande

som gardsdrifta

som bygda

nokre månader etter

kjem kanskje nokon forbi

kanskje nokon på sanking

kanskje eg på besøk frå byen

ser ein fugleflokk og ein ramn og

seier: stakkaren må ha hamna

i aovelto

onsdag 21. oktober 2009

Fordelar og ulemper ved bruk av Arena (digitalt verktøy) til å løyse utfordringane som er skapt av den nye vurderingsforskrifta?

Kva rutinar legg vi som skoleleiarar opp til når det gjeld føring i Arena?
Kva form skal undervegsvurderinga ha?
Korleis kan kontaktlærarane bruke undervegsvurderinga i elevsamtalen?
Korleis deltar eleven sjølv i vurderingsarbeidet?
Korleis utviklar vi dialogen med elevar og føresette?

onsdag 14. oktober 2009

Må vi alle endre vurderingspraksis som følgje av den nye vurderingsforskrifta?

Endringane i forskrift til Opplæringslova, vurderingsforskrifta, som gjeld frå august 2009, legg opp til ein heilt ny vurderingspraksis i skolen. Dei nye slagorda er "vurdering for læring" eller undervegsvurdering og målrelatert vurdering, halvårsvurdering med og utan samtale, sluttvurdering eller vurdering av læring og krav om dokumentasjon osv,osv. Alle som arbeider i skolen bør vere kjent med alle desse, men kva ligg eigentleg i dei krava vurderingsforskrifta stiller? Kva for vurderingskultur har vi frå før? Må vi sjølve og skolen endre vurderingspraksis som følgje av den nye forskrifta? Men før ein vel strategi er det viktig at ein finn fram til ei nokonlunde felles forståing av det forskrifta eigentleg krev. Utan å gå inn på alle paragrafar og ordlyden i desse, vel eg å presentere det eg oppfattar som dei viktigaste endringane. Aller først blir det sagt at undervegsvurdering skal vere systematisk og løpande, men ho kan vere både skriftleg og muntleg. Vidare heiter det at eleven, kvart halvår, har rett til samtale med kontaktlærar om utvikling i forhold til kompetansemåla, og at denne samtalen kan gjennomførast i samband med halvårsvurderinga utan karakter. Så skal halvårsvurderinga, som er ein del av undervegsvurderinga, gje rettleiing om korleis eleven kan auke kompetansen i faget. Eleven skal og drive eigavurdering som ein del av undervegsvurderinga, og ikkje minst skal det dokumenterast at undervegsvurdering er gitt.  Slik eg ser det, er det fleire sider ved ordbruken som må definerast? Korleis kan ein føre dialog? Korleis formulere ei rettleiiande vurdering og kor ofte? Korleis sikre at kontaktlærar har oversikt over graden av måloppnåing i dei faga eleven har? Korleis gjer vi dette arbeidet heilt konkret? Kvar startar vi i så fall? Og kan IKT vere ein verktøy som kan redde oss frå byråkratiet?  Kan du komme med forslag til framgangsmåtar som kan gjennomførast i praksis,
slik at hundreprosentslæraren kan meistre jobben sin?

onsdag 23. september 2009

Muleg tema for moduloppgava

Eg tenkjer  på å skrive ei moduloppgåve som skal sjå på korleis vi kan bruke Fronter og Arena i vurderingsarbeidet, særleg knytt til vurderingsforskriftas krav om undervegsvurdering utan karakter. Eg trur faktisk IKT som vertøy kan lette arbeidet for læraren og sikre alle krav til dokumentasjon. (Litt mindre å bli frustrert over) I tillegg kan ein forstå forskriftas formulering slik at det er kontaktlærar som skal gjennomføre samtalar med eleven, i alle fag. Fronter kan derfor vere eit godt verktøy for å samle kommentarar frå faglærarane, for å få gjennomført slike samtalar. Dersom ein og kan kombinere dette med elevens deltaking/medverknad, og føre dialog om anna utvikling, alt på Fronter, da har ein kanskje lagt gullegget? Det må likevel ikkje bli slik at vurderingsaqrbeidet utelukkande skjer digitalt. Barn og unge treng fysisk kontakt og samtale med lærarane sine, men det kan jo vere begge deler?

søndag 20. september 2009

IKT i læringsarbeidet

Som de ser har eg tatt i bruk ein blogg frå tidlegare, som handlar om digitale tekstar i norskfaget. Tenkte det var like greitt. Arbeid på blogg er i seg sjølv motiverande, fordi forma er så uformell, og fordi dette er eit medium elevar kan bli engasjerte i. Sjølv har eg brukt bloggen litt i eiga undervisning, og mykje av aktiviteten er utforma i lag med "dataekspertane" i klassen, og samspelet har vore godt. Det i seg sjølv er eit godt utgangspunkt. Men aktivitet i seg sjølv er ikkje nok. Likevel trur eg det iallefall kan ivareta læreplanenes krav om grunnleggande ferdigheiter i bruk av datateknologi. Men så var det det med innlæring av dei andre "faga"? I medlemsbladet Utdanning frå 28.8.09, blir det stilt spørsmål ved om vi har kontroll på "dataskolen". Forskarane sår tvil om læringsutbyttet i fag som lesing og skriving, står i forhold til satsinga på digitale verktøy, og om vi har ein klar nok definisjon på kva digital kompetanse eigentleg er? Professor Sigmund Lieberg ved Pedagogisk forskingsinstitutt i Oslo meiner vi ikkje har god nok kompetanse i den pedagogiske bruken. Han seier at det vi gjer ofte blir for eksperimentelt og at vi hoppar for fort over på nye verktøy. "Det blir som å sette jetmotor på et esel. Eselet vil kjøre veldig fort, men det vil også gå i oppløsning." (2009:28:16) Professor Lieberg var sjølv med på å utarbeide handlingsplanane for IKT-innføringa i skolen på 90-talet. Lære for å bruke, bruke for å lære er fortsatt grunnpilarane, meiner han. Mangel på kompetanse er altså ei utfordring når det gjeld bruken av datateknologi i klasserommet. Ei anna, og kanskje mykje større utfordring er at ein til no har relativt lite forskingsdata å vise til når det gjeld kva effekt IKT har i opplæringa av tradisjonelle fag. Kan overdreven bruk av IKT sågar svekke innlæringa av t.d lesing og skriving? Som emne for moduloppgåva finst  eit utal av innfallsvinklar. For meg vil det vere naturleg å ta utgangspunkt i kva leiarstrategiar ein må utforme for å få auka bruk av digitale verktøy i opplæringa. Det vil  sjølvsagt vere svært viktig at ein har "hundreprosentslæraren" i tankane når ein planlegg både omfang og innføringstakt. Mange lærarar manglar kompetansen, og kvir seg derfor for å sleppe elvane laus. Samtidig trur eg lærarane er positive til bruken av datateknologi i klasserommet. For meg som skoleleiar gjeld det å finne strategiar som både sørger for at læraren får god nok kompetanse til å føle seg trygg, samtidig som ein kan ta i bruk IKT i klasserommet på ein slik måte at ein kan engasjere og motivere eleven til å lære meir. Opplæringa må sjølvsagt og vere pedagogisk og konkret for lærarane. Trur du eg er på rett spor?

tysdag 26. februar 2008

HAUST I HARDANGER. Ei annleis dikttolking

Dette er eit prosjekt om samansette tekstar i norskfaget, laga i samarbeid med 2 ST3,4 ved Sunndal vidaregåande skole. Elevane har laga tekstar ut frå eigne assosiasjonar knytt til innhaldet i diktet Haust i Hardanger, t.d reportasje, dødsannonse,
HAUST I HARDANGER

eit stort,ærverdig kvitt hotell
ein sveitservilla av dimensjonar
eit prakthotell det går gjetord om
engelske lordar på lakseferie
husmorskule om vinteren
men i 1984 brenn det
blir berre forkola aske att
eigarane har hatt andre hotell
hotell som har brunne ned
forsikringspremiar både her og der
folk mumlar, veit ikkje, men trur mykje
og hotellparet flyttar frå bygda like etter
eg er seks år, det blir første verdshendinga eg hugsar

eg er ni år
går i timesvis på kyrkjegarden vi har til nabo
pratar med bestemora som døydde i april
ho som var med i barnehagen
kvar einaste dag i eitt år fordi
barnet var eit underleg barn
som ikkje ville i barnehagen
sit ved steinen hennar no
refererer skuledagar, seier:
god natt, besta
sov godt besta

etterkvart pratar eg
også med dei andre, tanter og
oldeforeldre og tippoldeforeldre
til slutt kjenner eg nesten alle der
slektningar eller ikkje slektningar
kan seie kven som ligg kvar og
kven som ligg ved sida av kven
kan nesten seie kvifor også

er stadig folk som døyr
ein gravemann står nedi
ein gravemann står oppe
ein gaular opp, ein gaular ned
hender dei spar opp ei gamal grav
eg er der etter dei har grave og ser
kranium og kjevebein og knoklar og
veit kven sine bein eg ser
veit kven eg ser restar av

les sløyfeskrifter i gull
dei vanlege orda er
takk for alt
kvil i fred
men eg
likar betre
høgt elska
sårt sakna

medan gravemennene
kastar matjord og gamle bein
over den nye kvite kista nedi holet
plukkar far min og mor mi og eg eple
plukkar i store raude pøsar på magen
plukkar aroma og summerred
dei som er best
og prins og gravenstein
dei folk vil ha

me plukkar i pøsar, tømmer i kassar
epla klirrar når dei treffer botnen av kassa
når botnen av kassa er dekt, klirrar
epla når dei treffer epla under seg
men bør ikkje klirre for mykje
då blir det brune flekkar

bør ikkje få skurv på seg heller
men vanskelegare å hindre
regnar mykje i hardangerhjelper ikkje med
sydvest, regnjakke
regnbukse, støvlar
siler likevel nedover
droplar nedover hendene og
handledda og underarmane våre

og er mykje meir som kan gå gale
mykje sopp og skurv og flekkar og faenskap
kanskje det haglar på grønne eplekart i juni
-i oktober er dei stakkars vaksne epla
vansira, skeive, ubrukelege

eller kanskje det stormar ei septembernatt
epla som var stolte og perfekte starndard 1
ligg strødd som nedfallsfrukt dagen etter
er blitt standard 3 som får
far min til å sukke

så mange eple må inn i hus
berre litt færre år for år
sauer har me ikkje lenger
dei fleste andre har også slutta
berre hobbysauer igjen her og der
hender ein sau hektar ulla fast i eit kratt
sklir og ramlar, hamnar på rygg
sprellar og kavar
dei kallar det
å hamne i
aovelto

ein sau i aovelto
kjem seg aldri opp igjen
og han veit det, veit han må
liggje der og avmagrast
liggje der og døy levande
som gardsdrifta
som bygda

nokre månader etter
kjem kanskje nokon forbi
kanskje nokon på sanking
kanskje eg på besøk frå byen
ser ein fugleflokk og ein ramn og
seier:stakkaren må
ha hamna
i aovelto

Store stygge dikt, 2005

torsdag 31. januar 2008

SUNNDALSØRA

BLOGGKOMMENTARAR

Eg har kommentert Inger Annes nettsideanalyse. Dei eg skulle kommentere kom ikkje opp/var ikkje skrivne, men viss dei er der no skal det bli. Vidare har eg kommentert Jon Arnes undervisningsopplegg. Anders skulle eg ha kommentert, men eg kan ikkje sjå at han har lagt ut noko eg kan kommentere.



http://inansu.blogspot.com/

http://susehumla.blogspot.com/

Ei kvinne

Denne presentasjonen vart laga på 2.samling i januar. Eg fann eit dikt av Marie Takvam som eg likte godt


https://files.itslearning.com/data/ntnu/65653/EI%20KVINNE.ppt

onsdag 30. januar 2008

tysdag 11. desember 2007

SMS-oppgave 1

Undervisningsopplegg med bruk av SMS for VG1 ST

Klasse 1 ST4,5,6 Elevtal 21 elevar
Mål: Kunne meir om SMS-språk. Korleis kan vi analysere SMS-språket og seie noko om variasjonar i måten vi skriv på? Kva kan vi seie om brukar og situasjon? Presentere og analysere ei melding for dei andre i klassen. Få auka engasjementet for arbeid med tekst.Omfang: 4 timar

Elevane fekk utdelt ei liste med fem ulike SMS. Sjølv skulle dei finne 5 nye meldingar frå eigen telefon. Alle skulle plukke ut minst 2 av setningane og seie noko om kven som skriv, setningsutforming, bruk av skilleteikn, bruk av ordklassar, dialekt/normalnorsk, bruksområde, informativ, appellativ og/eller ekspressiv og bruken av ulike teikn. (Momentliste delt ut) VIKTIG: Alle "konklusjonar" skulle ha ei grunngjeving. Kvifor trur du t.d at dette er skrive av ei jente osv. Alle måtte ha fasit til eigne meldingar. Norsklærar hadde fasit for dei som vart delt ut. To og to elevar arbeidde med tekstene.

Følgjande setningar vart presentert for klassen:
  1. Send denne adventskalenderen til noen du bryr deg om. Det gjorde nettopp jeg! Ha en fin 1.advent søndag. En varm hilsen fra meg! (smileteikn) (Kvinne 50-åra som sender vidare kjedebrev)
  2. Nei, eg veit ingenting om lutefisk. Vi skal i rakfiskselskap den 21.hos Inga og Lars-Henrik. I (Norsklærar/Kvinne 50-åra)
  3. Ska dokk t Støln ja? (Gutt 16 år)
  4. Finn på nå? (smileteikn) (Jente 17 år)
  5. Ehm, ja egentlig. Men joine du sol elns? Takk fræssen.(Jente 17 år)
  6. Hei! Har d komt jem nå....E Du busy? Not? Gå inn på msnen (smilefjes) Klem (hjerte)
  7. Hei, har du lyst til å vaske fredagen? (Mann -ca. 40 år)
  8. Jævl4 trønd3rtøs! Gå sleik 3in 4nan4s?(Gutt 17 år)
  9. Hei. Håper de fleste av dere har mulighet å levere loddpengene på torsdag (smilefjes) (Dame/trenar 30-åra)
  10. Kom hit å ligga etterpå? Matte og sims? Elr når bynne na greia? (Jente 16 år)
  11. God natt, Drøm søtt-Ælske de (hjarte) Sorry! (Jente 17 år/kjærast)

Elevane var svært motiverete for arbeidet med desse tekstene. Etter mitt syn kan dei mykje meir om SMS-språk enn det eg gjer, m.a er det forkortingar i tekstene som eg ikkje umiddelbart oppfatta og som klart viser seg tydelegast i eigne tekster frå jamnaldringar. Det kom og fram at elevane meinte at jenter stort sett brukar meir teikn som smilefjes og hjarte, og at dei trur jenter kvinner skriv lengre og meir innhaldsrike setningar. Vaksne kvinner brukar meir normalnorsk enn ungdom, som stort sett brukar dialekt. Menn økonomisererer meir og brukar ord og teikn som kan relaterast til "dataspråk", t.d 4 for A og 3 for E. Det siste gjeld særleg unge menn. Elevane fann og ut mykje om kva samanheng tekstene var skrive i, og ga rimelege og godt grunngjevne synspunkt på korleis teksten var informative, appellative og ekspressive. Det var svært interessant å høyre kor lett dei fann konteksten for meldinga. Vidare konkluderte elevane med at det nok er variasjonar i ordbruk mellom landsdelar og regionar. Dei trudde t.d ikkje det var vanleg for ungdom på Nordmøre å skrive HAND for(Have a nice day). Elevane hadde heller ingen problem med å seie noko om kva for relasjonar det truleg var mellom sendar og mottakar. Tekstene viser og kva "folk" er opptekne av på fritida, og at SMS-meldingar blir brukt i nesten alle aldersgrupper og at bruksomåda er nesten alle daglege gjeremål.

I kvar av tekstene som vart presentert fekk vi kommentarar som at t.d mld. 3 ikkje berre viser at dette er ein ung gut, men at han også er "usikker/einsam" og at han gjerne vil ha selskap i skibakken(Stølen). Ja? avslører dette. (elevens konklusjon)

Vidare var tekstmelding nr. 1 svært feminin både i uttrykket og fordi kvinner er meir opptekne av juleførebuingar enn det menn tradisjonelt er. Dessutan trudde ingen at men ville sende vidare slike tekster som er masseproduserte og som går kring landet i visse samanhengar!

Mange andre kommentarar kom og fram i presentasjonen, og heile klassen tok aktivt del i analysen av dei tekstane som vart lagt fram.

Om ein skal konkludere ut frå eit norskfagleg syn, er arbeid med SMS både motiverande og nyttige for å kunne nå fram til elevgruppa med tema som omfattar språk. Dei sosiologiske betraktningane til elevane omkring måten vi uttrykker oss på var svært interessante. Konklusjonen frå klassen var og at dette var spennande og at dei ikkje hadde tenkt så mykje over dei ulike uttrykksformene i meldingane før no. Arbeid med SMS-meldingar fungerer godt som utgangspunkt for vidare arbeid med språk. Ved å ta utgangspunkt i det elevane aktivt kjenner til i kvardagen, blir og innstillinga til faget meir positiv. SMS-språk som undervisningsopplegg ga ei erfaring som eg gjerne vil bygge vidare på.

tysdag 4. desember 2007

Kursoppgåve1 Språkrådets nettside


Språkrådet er statens fagorgan i språkspørsmål og skal arbeide med å styrke det norske språket i notid og framtid. Vidare skal dei forvalte dei to offisielle språkformene våre, med særleg vekt på nynorsk. Dei skal og så langt råd ta vare på samisk språk. Språkrådet har som viktigaste oppgåve å drive utoverretta informasjon om språk og drive råd og rettleiing til brukarane.
Nettsida til Språkrådet, som også er tittelen på sida, http://språkrådet.no/Spraakraadet/ er laga i ein nøktern stil når det gjeld fargeval og skrifttypar. Fargevalet er likevel gjort på ein slik måte at ein tydeleg kan sjå kva dei inneheld. Mellom anna har sida tre røde firkantar over tittelen som lett kan hjelpe deg til å søke i ordbøker og finne tidlegare nummer av Språknytt som er Språkrådets eiga utgjeving. Akkurat denne "ordbokvrien" var praktisk og lett tilgjengeleg, og eg vil tru at mange som kjem innom sida nettopp er på jakt etter skrivemåtar av ord. Resten av sida er og svært oversiktleg og ein kan reise langt av stad og finne svar på det meste ein lurer på som gjeld bruken av språk i dei fleste samanhengar. Midt på sida finn ein vidare spalta for aktuelle saker. Her er det tekstintegrerte peikarar som leier vidare til andre artiklar som omhandlar dei same emna.
På venstre side finn ein informasjon om Språkrådet, e-postadressene mailto:post@sprakradet.no raskt kan gje oss kontakt med dei som arbeider for Språkrådet. Ein spesiell vri er at sidas innhald er gjort tilgjengeleg for brukarar som beherskar engelsk, tysk og fransk. Det er jo flott for dei som kjem inn til landet og som gjerne vil skjønne kvifor t.d nordmenn er så engasjerte når det dukkar opp debattar av språkpolitisk interesse.
Høgre side har tittelen BEINVEGEN . Her får du språkkommentarar og litt om kva media handterer språk i ulike samanhengar. Det aller finaste er kanskje peikarane som gir tilgang til lovverket, iallefall for dei som bør kjenne reglane for språkbruk i offentleg teneste. All informasjon her er lenka vidare eksternt til paragrafar og vedtak formidla gjennom nettstaden Lovdata.
Eg vil tru at dei fleste vaksne brukarar, som er interesserte i språk, vil finne sida svært god i jakta på praktisk informasjon. Det same gjeld også om ein berre vil halde seg orientert om det sist aktuelle når det gjeld språk. Men så var det denne ungdommen da! Kva med dei? Kva skal til om dei skal engasjere seg i språkspørsmål? Kva om dei til og med må kunne skrive rett(jfr. nasjonale prøver 2007)? Tja, det er ikkje sikkert alt det handlar om den mest fancy nettstaden. Språkrådets sider er som sagt lett å ta seg fram på. Dessutan er det lite jåleri og ein finn det ein leitar etter fort. Det likar ungdom. Og så trur eg ikkje interesse for språk har med nettsider å gjere. Lærelyst har med engasjement og motivasjon å gjere. Språkrådets sider vil hjelpe alle til å halde engasjementet oppe så lenge ein berre vil!

måndag 3. desember 2007

Det vart ei underleg tid. Det at eg tapte siste dag av første samling har sett meg litt ut, men eg håper eg skal komme sterkare tilbake.er eit

fredag 19. oktober 2007

Novembermøte

Det er snart november og tid for skorpiontreff. Fram med alle mørke klede og røde sko.